Nyheitsbrev

Meet and Code - FAQs

Tilskot frå Meet and Code er tilgjengeleg berre for ideelle organisasjonar. Du må registrere den frivillige organisasjonen din her på nettsida til Meet and Code. For å registrere deg og validere statusen din som ideell organisasjon, blir du vidaresendt til TechSoup Europe sine plattformar. Etter du har registrert organisasjonen din der, får du eit valideringsmerke for å fullføre registreringa di her på Meet and Code-plattformen. Du kan deretter sende inn ein eller fleire idear.
Din organisasjon må vere frivillig og må bli godkjent av Techsoup Norge for å bli med i Meet and Code. For å få meir info om registrering, klikkher.
Følgjande krav vert stilt til aktivitetsidear:
- Formål med aktiviteten er å inspirere og lære unge om teknologi og koding
- Aktiviteten finn stad mellom 1.september og 31.oktober, 2021
- Målgruppe er barn og unge mellom 8 og 24 år
- Gratis deltaking for alle

Kvalifiserte søkarar: berre frivillige organisasjonar kan registrere aktivitetar på Meet and Code-nettsida.

På grunn av pandemien har Meet and Code endra tilskotsordning. Derfor stiller følgjande krav i tillegg:
- Alle aktivitetar skal gjennomførast på nett
- Aktiviteten skal vare minst 90 minutt. Du kan gjennomføre aktiviteten i løpet av ein gong eller deler den i fleire bolkar
- Aktivitetar som skal foregå direkte må ha minimum 10 deltakarar
- Du kan strøyme aktiviteten, som for eksempel eit webinar eller du kan utvikle eit kurs med obligatorisk samhandling, som til dømes ein MOOC med ei spørsmål/svar-aktivitet live på nett.

De kan berre bruke stipendet i tilknytning til aktivitetar, dvs:
- instruktør under aktiviteten
- lisens for å bruke digitale læringsplatformer
- læringsmateriell for deltakarane som bøker eller maskinvare
- markedsføring på nett, plakater og lignande som promoterer aktiviteten
- teknisk støtte under aktiviteten
- leige av lokalar

Dersom arrangementet ditt møter alle krava, er det kvalifisert for søknadsprosessen. Etter du har sendt inn arrangementet ditt, vil du få eit svar innan fire veker.
Om du er tilsatt i eit bibliotek: Dersom du har status i landet ditt som ein ideell/frivillig organisasjon i landet ditt, kan du søke om tilskot. Om du ikkje er sikker, kontakt TechSoup Norge. Om du ikkje har tilgang til ein slik status, må du finne ein frivillig organisasjon som samarbeidspartnar.

Om du ønsker å ha eit arrangement som ein privatperson: Du må finne ein frivillig organisasjon som samarbeidspartnar eller registrere ein organisasjon i frivillighetsregisteret.
Det er viktig å merke seg at berre frivillige organisasjonar får tilskot. Dersom skolen er er ein frivillig organisasjon, kan de delta. Det er mogleg å finne ein slik organisasjon som kan vere samarbeidpartnar.

Når organisasjonen er registrert, kan de gjennomføre aktivitetar som ein del av ein time på skulen. Dersom det er ikkje mogleg å planleggje nøyaktig, kan de skrive ein mogleg dato for gjennomføring. Når de skal registrere aktiviteten, er det mogleg å velje «aktiviteten er fullbooka», som gjer at ingen utanom elevane kan delta.
Del ideen din med foreldre, læraren din, bibliotekar eller lokal frivillig organisasjon. Fortel dei óg om Meet and Code. Finn gode ressursar i Inspirasjonsbiblioteket.
Ja! Du kan registrere så mange idear som du vil. Hugs at alle arrangementa må vere unike.
Du kan registrere din aktivitet frå 1. juni og til og med den 8. september 2021. Du må sende inn ideen din iløpet av denne tidsperioden, elles kan du ikkje delta.
Du får svar i løpet av fire veker etter du har sendt inn ideen din.
Du får stadfesting per e-post med informasjon om bankkontoen din som du sendte under registrering. Du bør sjekke at informasjonen stemmer og vi overfører pengar i løpet av nokre veker. Vi kjem til å be om bevis på at du har motatt tilskot i etterkant.
Så er det opp til deg til å gjennomføre ein spanande aktivitet! Du finn nyttige ressursar i Inspirasjonsbiblioteket og kommunikasjonsressursar når du er innlogga her.
Alle frivillige organisasjonar som får tilskot må svare på undersøking i løpet av 48 timar etter gjennomført aktivitet. Det er to bolkar med spørsmål, ein som du må fylle inn før, og ein etter aktiviteten. Det er ei undersøking per organisasjon uavhengig av tall på aktivitetar. Alle organisasjonane får e-post før den 1. september, 2021. I tillegg til undersøkinga om arrangementet, er det også ei for deltakarane av arrangementet som vi ønsker at du gjennomfører både før og etter. Denne undersøkinga er frivillig.
Du bør vise fram bevis på mottatt stipend eller at du blei godkjent. Dette varierer frå land til land.
Her kan du finne mer informasjon om krava.
Vårt inspirasjonsbibliotek har mange gode idear og metodar som du kan bruke for å organisere arrangementet ditt. Vi anbefaler deg å sjekke arrangementa som er registrerte for å hente inspirasjon her.
Du kan informera andre om arrangementet ditt sosiale medier og bruk gjerne #meetandcode #codeEU #SAP4Good. Aktivitetane som er på nettsida deler du direkte på sosiale medie-plattformar.
Dersom arrangementet ditt vart godkjent, får du ein velkomstkommunikasjonspakke per e-post. I pakken får du retningslinjer for kommunikasjon, idear og grafiske element som vil hjelpe deg å promotere arrangementet ditt. Du kan laste nedpakken direkte frå nettsida etter du har logga på, i "Last ned"-seksjonen.
Ja! Du bør gå til Historier i menyen og der finn du enkel rettleiing for korleis du kan fortelje om arrangementet og sende det til teamet i Lær Kidsa Koding. Du bør skrive på engelsk, men du kan også ha informasjon på norsk i tillegg. Vi deler begge versjonane på vår nettside!
Dersom du ønsker å sende oss bilete og videoar, må du ha skriftleg løyve for bruk av disse frå deltakarane, og foreldre/føresatte dersom dei er born. Mal for løyve finn du i "Last ned"-seksjonen på Meet and Code-nettsida. Du må vere pålogga for å få tilgang til malen.