Nyheitsbrev

Participation conditions


Kvalifiseringskriterier for tilskotmidlar frå Meet and Code

Berre veldedige ideelle organisasjonar frå følgjande land er kvalifiserte til å søke om Meet and Code-tilskot: Belgia, Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Italia, Kasakhstan, Kroatia, Kypros, Latvia, Litauen, Luxembourg, Malta, Nederland, Noreg, Polen, Portugal, Romania, Russland, Serbia, Slovakia, Slovenia, Spania, Storbrittania, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ukraina, Ungarn og Østerrike. Alle digitalt innsendte idear på kodearrangement skal vere planlagt for gjennomføring mellom 1. september og 31. oktober 2020, og samanfallar med EUs kodeuke. Disse arrangementene bør tilpassast barn og unge i alderen 8 til 24 år, og må vere gratis for deltakarane. Meir informasjon finn du i seksjonen ‘Finansieringskriterier for å velgje innsendte prosjektidear’.

Who Is Behind Meet and Code?

The software company SAP, the German charitable organisation Haus des Stiftens gGmbH and the respective country partners of the TechSoup Europe network are the main organisations behind the Meet and Code initiative.

The initiative is financed by SAP. The non-profit organisation Haus des Stiftens GmbH has developed the initiative and is responsible for selecting the projects to be funded in Germany, Austria and Switzerland, as well as the funds made available by SAP for forwarding (hereinafter also the 'SAP Funds'). In addition, Haus des Stiftens gGmbH coordinates the project funds via the respective country partners of the TechSoup Europe network responsible for the remaining countries. The initiative is also supported by a wide range of committed sponsors.

Validering av organisasjonar som søker

Organisasjonar som er interesserte i å søke for eit Meet and Code-tilskot må først registrere seg hos Meet and Code og få validert status som veldedig ideell organisasjon. Denne valideringa vil bli utført av TechSoup Europe sin nettverkspartnar i landet til organisasjonen som søker.

Autoriserte representantar frå organisasjonen må oppgi informasjon om organisasjonen og skrive inn ei detaljert skildring av arrangementsideen og den kontaktinformasjonen som trengs. Kvar organisasjon har rett til å sende inn meir enn ein idé på arrangement, så lenge det er vesentleg ulike prosjekt.

Innsendingsvindu for idé

Organisasjonar kan sende inn arrangementsidear mellom 01.06.2020 og 10.09.2020. Den avgjerande faktoren som gjer det mogleg for den lokale partnaren å evaluere ideen, er dei opplysningane som er gitt og dokumentene som er sendt inn ved registreringa.

Evaluering av ein arrangementsidé

Kvar idé på arrangement blir evaluert av Haus des Stiftens GmbH eller deira partnar i TechSoup Europe-nettverket. Etter fire veker får kontaktpersonen til organisasjonen beskjed om den innsendte ideen får tilskot eller ikkje.

Dersom ein idé ikkje får tilskot, kan den lokale partnaren for TechSoup Europe, etter ønske frå den ideelle organisasjonen, dele årsaka for avslaget med den ansvarlege personen. Organisasjonen har høve til å sende inn idéen på nytt etter den er endra på. Blir den avslått på nytt, kan ein ikkje lenger sende inn samme idé.

Ved å sende inn idear godtar søkaren at kvart godkjent og sponsa arrangementsidé blir automatisk publisert på nettsida www.meet-and-code.org og synleg for alle brukarar.

Arrangementsperiode for arrangement som har fått tilskot

Alle arrangement som har fått tilskot må avviklast mellom 1. september til 31.oktober 2020.

Beløp på Meet and Code-tilskot

Kvar arrangementsidé som får godkjent tilskot mottar 500 € for at det skal gjennomførast. Haus des Stiftens gGmbH reserverer seg retten til å auke eller redusere tilskotsbeløpet i kvar enkelt arrangement.

Finansieringskriterier for å velgje innsendte prosjektidear

Følgjande grunnkriterier gjeld for arrangementidéen:

  1. Den innsendte arrangementideen ønsker å inspirere og introdusere unge til teknologi og koding. Kvart arrangement må ha teknologi og koding som tema.
  2. Arrangementet må skje mellom 1. september og 31.oktober 2020.
  3. Målgruppa er born og unge mellom 8 og 24 år.
  4. Deltaking i arrangementet må være gratis.

Kvalifiserte søkarar: Berre ideelle organisasjonar kan sende inn idéar via landet sitt på Meet and Code-nettsida.

  1. Arrangementene blir initierte, administrert og utført av den ideelle organisasjonen som sender inn idéen. Den ideelle organisasjonen som sender inn står også ansvarlig for alt som skjer i løpet av planlegginga, organiseringa, utføringa og oppfølginga av prosjektet.
  2. Tilskotet blir berre utbetalt til veldedige organisasjonar som kan påvise status som ideell. Ein må oppgi dokumentasjon på det til valideringsprosessen, som blir utført av partnaren til TechSoup Europe network partner i landet organisasjonen søker frå.

I tillegg til grunnkrava, gjeld følgjande for 2020:

  1. Alle arrangementidéar må uførast over nett.
  2. Arrangentet må planleggast til å vare minst 90 minutter. Denne tidsramma kan skje i løpet av ei økt eller den kan bli delt i fleire økter.
  3. Arrangement som skjer direkte må bli planlagt for minst 10 deltakarar.
  4. Formata på arrangementene kan vere
    a) Eit arrangement som skjer direkte på nett, t.d. eit webinar eller ein virtuell workshop i koding
    b) Eit arrangement som ikkje går direkte, med obligatorisk interaksjon mellom deltakarar, t.d. Eit stort nettkurs med direktesendt sending med spørsmål og svar.

Merk deg at finansieringa berre kan nyttast til arrangementrelaterte utgifter, det vil seie:

  1. betaling til den som har workshopen
  2. lisens for verktøy for nettundervisning
  3. læringsmateriell for deltakarar, inkludert kuratering og frakt, t.d. lærebøker eller maskinvare
  4. kommunikasjon for å nå potensielle deltakarar, t.d. for å nå potensielle deltakarar, lage plakatar, markedsføre på nett
  5. profesjonell ekstern støtte for å få til eit arrangement på nett, t.d. teknisk støtte. Leige eit sted på grunn av til dømes teknsik infrastruktur

Haus des Stiftens gGmbH eller partneren i TechSoup Europe network bestemmer, etter eige skjønn, om tilskot etter at organisasjonen har sendt inn arrangement som oppfyller kriteriane.

Det finst ingen automatisk rett til å få forklaring for avslag. Det finst ingen juridisk rett for søkaren til å få tilskot. Det er heller ingen plikt til å utføre når finansieringsretningslinjene er oppfylte.

Ekskluderingskriterier

Følgane arrangementsidéar er ekskluderte frå å motta tilskot:

  • Arrangement som ikkje er utvikla og blir utført i eitt av dei deltakande landa
  • Politiske eller religiøse initiativ
  • Projekt som berre gir enkeltindivid nytte
  • Projekt som ikkje er relaterte til Meet and Code

Rapporteringsplikt

  1. Om arrangement som får tilskot

    Kvar ideell organisasjon som får støtte må svare på ei rapporteringsundersøking. Undersøkinga har to spørreskjema, ei som blir utfylt før 1. septmeber og ei som skjer 30. oktober. Det finst ei undersøking for kvar organisasjon, uavhengig av talet på arrangement som organisasjonen utfører. Undersøkingsskjemaet blir sendt til epostadressa til kontaktpersonen til kvar organisasjon som får tilskot før 1. september 2020.

    Undersøkinga må minst inkludere følgjande informasjon:

    • Namn på organisasjon
    • Tittel på arrangement
    • Kor arrangementet er
    • Dato for arrangementet
    • Kva arrangemetnet er
    • Tal og kjønn på deltakarar
    • Eigenvurdering av digitaliseringsnivået i organisasjonen
    • Tilbakemelding til Meet and Code-programmet

    I tillegg til rapporteringsundersøkinga finst det ei undersøking som rettar seg mot deltakarar på arrangementet. Den ideelle organisasjonen som får tilskot blir bedt om å handtere undersøkinga før og etter arrangementet. Denne undersøkinga er frivillig.

    Når ein oppgir informasjon, særleg bilete eller namn, må organisasjonar rette seg etter gjeldande lovar og og unnta Haus des Stiftens gGmbH og deira partnarar frå alle krav frå tredjepart, til dømes på grunn av krenking av opphavsrett, varemerkerettigheiter, andre industrielle eigedomsrettar eller andre rettar og for erstatning i samband med dette. Samtykkeerklæringar kan være påkrevd for å ivareta personvernrettane til dei som blir tatt bilete av (særleg når det gjeld mindreårige med underskrift fra føresatte)

  2. Om å bruke finansielle ressursar; Stadfesting på donasjon

    Organisasjonar som får tilskot frå Sveits, Tyskland og Østerrike må gi Haus des Stiftens gGmbH stadfesting på donasjonar som er mottatt frå Meet and Code-initiativet. Organisasjonar frå andre land kan eller kan ikke bli påkrevd å sende inn eit skjema via epost til dei respektive nettverkspartnarane til TechSoup Europe i kvart land som stadfestar donasjonen deira.

  3. Dokumentasjonsfrist

    Stadfesting på tilskot må bli oppgitt av den ideelle organisasjonen innan 14 dagar etter arrangementet er over. Rapporteringsundersøkinga må bli fullført innan 48 timar etter arrangementet og sendt inn av den ideelle organisasjonen som får støtte.

Award

I år har SAP gleda av å gi pris til den beste arrangementsidéen i kvart deltakande land som ein del av Meet and Code 2020-initiativet. Deltaking er frivillig og skjer under følgjande vilkår:

  1. Arrangøren av prisen er SAP.
  2. Målet til prisen er å finne dei beste arrangementene som vil gjere barn og unge klare for ei digital verd og oppmuntre fantasien deira. Dei beste ideane i kvar av dei fem kategoriane som er skilfra under frå dei deltakande landa blir presenterte i eit arrangement i hovudkvarteret til SAP.
  3. Registrering: Organisasjonar som søker om tilskot til eit Meet and Code-arrangement, kan spesifisere om og i kva kategori dei ønsker å delta når dei regisrere seg.
  4. Evaluering skjer i følgjande kategoriar etter følgjande kriterier:
    • Jenter gjer IT!

      Likestilling mellom kjønn har ei viktig rolle i dagens moderne og inkluderande samfunn. Denne priskategorien siktar på å minske kjønnsforskjellane når det kjem til IT og koding. Vi ser etter kreative arrangement som bryt ned kjønnsstereotopiar og løftar jenter når det kjem til koding. Arrangement i denne kategorien kan til dømes fokusere på å vekke interessa for programmering og på det å ha det kjekt når ein programmerer, spesielt for jenter, medan ein får foresatte til å bli merksame på kjønnsforskjellar i teknologisk utdanning.

    • Mangfald

      Engasjement for mangfold er kritisk for å lukkast som individ og organisasjon, og ved å omfavne ulike perspektiv bli vi sterkare gjennom kombinasjonen av kultur, religion, etnisk opphav, alder, kjønn, seksuell orientering og kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk. I mangfaldskategorien leitar vi etter idear som inspirerer barn og unge til ei verd med like rettar. Vi utvider også dette til mentale og fysiske evner og ulike leve- og arbeidsvilkår. Til dømes kan denne kategorien adressere unge i fengsel eller fokusere på IT for personar med syn- og hørselshemming.

    • Koding for planeten

      Visste du at du kan følge med på bier med moderne teknologi? Vi ser etter arrangement og tiltak for planeten. Alle kodearrangement som bedrer skulering i klimaendring gjennom å gjere folk merksame på dette emnet er verdifull tilskot til bærekraftsmål 13. Døme på arrangement i denne kategorien kan vere å korleis å måle luftforureining eller energieffektiviserande verktøy.

    • Samfunn

      Eit lokaltsamfunn er eit sikkerheitsnett for folket. Arrangementer i denne kategorien tar hensyn til lokale aspekter og skikkar og tenker på samfunnets spesifikke behov. Arrangementene skal, på ein kreativ måte, samla og fremje samhald mellom mennesker og nabolag med liknande interesser og mål gjennom lidenskapen for å "møtast og kode"! Hendingar i denne kategorien kan til dømes fungere på ein lokal plattform der du bur.

    • Code for Europe

      Å jobbe saman er veldig viktig, spesielt når det kjem til å kome seg gjennom vanskar og utfordringar som digitalisering i EU adresserer. Dette er nært kopla mot FN sine bærekraftsmål #17. Denne kategorien søker å sette i gang partnarskap og grenseoverskridande samarbeid mellom selskaper og samle barn med ulik bakgrunn som bur ulike stadar gjennom Meet and Code-arrangementer. Arrangementer i denne kategorien inkluderer; trygg og ansvarlig bruk av medier på nettet, og sjå på måtar vi kan få barn og ungdommar av ulike nasjonalitet saman, handtere desinformasjon og kjempe mot falske nyheiter og skape kreative løysingar som taklar dagens digitale utfordringer over hele Europa.

  5. Kvalifisert: alle organisasjonar som mottar tilskot frå Meet and Code for deira arrangementsidé er kvalifiserte. Tilsette i SAP, i tillegg til offentlige tjenestemenn og ansatte i offentlig tjeneste er ekskluderte frå å delta.
  6. Prosess: Finalistane vil bli valgt av ein jury etter følgjande: Alle Meet and Code-arrangement som deltok i ein av fem kategoriar vil bli forhåndsvalgt av Lær Kidsa Koding, den nasjonale partnaren til TechSoup og deretter presenterte til ein jury for sluttevaluering. Juryen vil velge tre finalistar (inkludert ein vinnar) per kategori i henhold til ein definert seleksjonsprosedyre.
  7. Prisar: Dei tre finalistane i kvar kategori vil få invitasjon til sluttarrangementet, som skjer på nett eller i hovudkvarterer til SAP og som vil ha eit program og workshops. Dersom sluttarrangementet skjer fysisk, vil reiseutgifter, overnatting og mat bli dekka. To personar frå kvar organisasjon blir inviterte til å delta i sluttarrangementet. Førsteplassen i kvar kategori vil motta ein pris på 2000 euro.
  8. Rettsmiddel og erstatningsansvar: Arrangøren tar ikkje noko ansvar for reisa til utdelinga. Rettslege skritt er ekskluderte.

Offentleg kommunikasjon

Prosjektpartnaren, Lær Kidsa Koding i Noreg, har rett til å bruke dei overnemde rapportane og resultata frå undersøkingane fullt ut, inkludert informasjonsmaterialet som er levert, samt informasjon om deltakere og vinnarar av prisen med tilhøyrande idéar på arrangement – som del av deira eigen rapportering. Søkaren godtar dette ved innsending av ideane og til å oppgi meir informasjon ved å delta.

For å styrke idéen til Meet and Code, må organisasjonar bruke Meet and Code-logoen i offentleg kommunikasjon relaterte til sponsa arrangementer. Korrekt bruk av logoen er forklart i stil-guiden. Bruken av logoen må bli dokumentert i epost til contact@meet-and-code.org



I tillegg oppfordrer vi stertj organisasjonar til å bruke emneknaggen til initiativet: #meetandcode #codeEU og #sap4good i kommunikasjonen i sosiale medier. Meet and Code vil vise ein vegg frå sosiale medier som lister alle postar som bruker desse emneknaggane på Meet and Code-nettsidene.

Arbeidsoppgåver; Ansvar

Meet and Code skjer samstundes som EU Code Week og har som mål å styrke dette initiativet over Europa. Derfor oppfordrar vi alle ideelle organisasjonar som får støtte til å også registrere arrangementene som får støtte på nettsida til EU Code Week.

Den ideelle organisasjonen som sender inn arrangementsidéen er ansvarleg for gjennomføringa av prosjektet sitt. Partnarane av initiativet, som Lær Kidsa Koding i Noreg, har ikkje ansvar for arrangementene eller gjennomføringa av dei. Partnarane i initiativet er ikke ansvarleg for skade, tap, skadar eller manglende ytelser som deltakarar, tredjepartar eller juridiske personer har påført på grunn av ein registrering eller gjennomføring av eit prosjekt. Partane i initiativet er heller ikkje ansvarleg for juridiske forpliktelsar for deltakarar, i eller på grunn av, utføringa av prosjektet, uavhengig av om forpliktingane er knytta til finansieringsressursar eller ikkje.

Partners in the initiative are not liable for damage to computers in connection with or due to participation or the downloading of material in connection with the Meet and Code initiative.

Kansellerte prosjekt; Restfond

Dersom eit prosjekt ikkje blir utført, for kva som helst grunn, eller det står att eit restfond etter prosjektet er implementert, må søkaren rapportere det til Haus des Stiftens med ein gong og foreslå liknande prosjekt som kan bli utført av restfondet.

Etter Haus des Stiften sitt skjønn må eitkvert beløp på midlar som står att enten sendast tilbake til Haus des Stiftens (eller den respektive TechSoup-partnarorganisasjonen) eller bli brukt innan inneværande kalenderår i samsvar med alle gjeldande reglar og forskrifter for veldedige prosjekt som liknar på innsendt prosjekt (programmeringstema). I sistnevnte tilfelle samtykkar søkaren til å sikre og bære ansvar for at slike gjenværende midlar berre kan nyttast til veldedige formål. Dersom midlane må nyttast til liknande prosjekt, gjeld framleis søkaren si plikt til å rapportere om bruken av slike økonomiske ressursar uten unødig forseinking.